tirsdag 11. desember 2012

Lussekattar

Det er snart tid for lussekattar.  Vi har baka i store mengder på skulekjøkenet.  Eg bruker å lage deigar, og så bakar elevane dei ut. Oppskrifta under passar i ei stor kjøkenmaskin.  Eg har tipassa oppskriftene mine til 2 kg kveitemjøl.

NB! Ein kan ha i smøret på to måtar. Ein kan smelte det eller kna det inn til slutt.  Då må det vere mjukt.
2 pk raud gjær (Blå kan brukast, men då vert hevinga litt dårlegare.)
1, 25 l mjølk, ca 37 grader (Litt varmare om du brukar tørrgjær.)
2 1/2 dl sukker
2 kg kveitemjøl
1 ms gurkemeie (Safran kan sjølvsagt brukast om ein har råd.)
250 g smør, mjukt eller smelta

Ha ingrediensane i kjøkenmaskina, kanskje unnateke smøret.
Rør i 15 minutt.
Set til heving, ca 30 minutt.
Form lussekattar.  På skulen veg vi emna til 70 g.
Hev ca 30 minutt.
Steik ved 220 grader i ca. 10 minutt.

5 kommentarer:

  1. Eg har eit heilt krydderglas med ekte safran-dvs. heile støvberarar. Minn meg på det, så skal du få.

    SvarSlett
  2. Safran gi litt andre fargar og litt smak også.Skal bake på onsdag:-)

    SvarSlett
  3. Eg likar veldig godt safran! Det er elevarbeid på bildet.

    SvarSlett
  4. Lussekatter skal jeg bake på torsdag.
    Er jo kjempegodt. Kjøpte med meg safran fra Spania. Mye billigere der. Ha ei fortsatt herlig førjulstid :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...