søndag 30. desember 2012

6. juledag

 I dag har vi hatt triveleg besøk av systera mi og ungane.  Ho og eg er eininge om at vi har hatt same sykje, men vi er usikre på om det er ei førkjøling med feber, eller om det er influensa. Sjølv har eg ikkje vore sosial utanom familien denne jula.  Eg unner ingen andre å bli smitta.

På menyen stod det blomkål- og brokkolisuppe, heil kalkun og Smashis til kransekake. Det er greitt å vere to familiar når ein steiker kalkun.
Det var berre ein feil: Der var ikkje krone i smellbongbongane.  Men vitsane var dei same:

En østlending traff en kjuagutt utenfor Jernbanestasjonen en dag i typisk Bergens vær.
 - Regner det bestandig her, spurte han gutten.
- Eg veit ikkje svarte kjuagutten. Eg e' bare 11 år.

P.S.
Eg tek verken ansvar for rettskriving eller teiknsetjing i vitsen.

5 kommentarer:

  1. Det var no kjekt at de fekk ha eit treff om ikkje helsa er på topp.

    SvarSlett
  2. Skikkeleg "felles skjebne, felles trøst"... Kjekt for søskenbarna å samlast.

    SvarSlett
  3. Takk for ein fin dag med god mat og prat!

    SvarSlett
  4. Uff, kjedeleg å vere sjuk.
    Eg har ikkje fått den, men mange i familien har hatt den sidan veka før jul og enno ikkje gode.
    Vonar du blir god att til kvardagen set inn.
    Takk for god kontakt gjennom året som snart er omme.

    SvarSlett
  5. Takk det same! Eg merkar betring kvar morgon - og heldigvis er første veka kort.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...