torsdag 6. desember 2012

No har eg surdeig!

Det er dag 5 i prosessen og no har eg surdeig.  Eg skal ta vare på dei i eit glas i kjøleskåpet, står det i oppskrifta.

Det starta med tanken på julebakst.  For å vere heilt ærleg har eg verken lyst til å bake eller ete julekaker baka med store mengder smør og sukker. Når jula kjem, har eg meir lyst på gode dessertar.  Og ikkje minst er det godt med ekstra gode brød til godt pålegg.  Brød og korn si oppskrift på surdeig finn ein i "Nybakt til alle måltider" eller her.
 Dag 1 blandar ein 5 dl vatn, 30 grader 5 dl sammalen rug, fin. Dette får stå i romtemperatur.
 Dag 2 ser det slik ut i bakebollen.  Då blandar ein 5 dl romtemperert vatn med 500 g sammalen rug, fin med 150 g av denne deigen.  (kast resten)
 Dag 3 har det kome bobler i deigen.  No blandar ein 100g frå denne deigen (kast resten) med 5 dl kaldt vatn, 500 g sammalen rug fin og 1 ms havsalt.  Bollen får stå i romtemperatur.
Dag 4 blandar ein 5 dl kaldt vatn med 500 g sammalen rug, fin, 1 ms havsalt og 100g deig frå dag 3.

Kast resten?
Vi som heile barndomen åt opp maten vår fordi borna i Biafra svalt, kastar ikkje mat i utrengsmål!
Kastedeigen kan ein sjølvsagt bruke.  Eg hadde i ein halv pakke gjær, litt olje og litt sirup i tillegg til mjøl til høveleg deig.  Etter heving velta eg det ned i ei form og trykte brødet flatt.  Med deigskrapa skar eg brødet i ruter.

2 kommentarer:

  1. Hmmm....mye jobb ser det ut som. Jeg har aldri laget surdeig noen gang. Men godt, det er det.

    SvarSlett
  2. Det tek litt tid, men eg synest det er ein artig prosess. Schakenda sin metode er enklare, for dei so har boka. Der vert det mindre til overs. No skal eg bake fruktbrød, og så får eg sjå kor lenge eg gidd å ta vare på surdeigen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...