mandag 10. desember 2012

Jakta på ... - eller kva er det med korintane?

Eg har ei kjensle av at eg har eit slikt blogginnlegg kvart år.  Det er ei eller anna råvare eg ikkje får tak i. I år er det korintar!  På OBS! fekk eg tak i raudkål og heil anis, eit par varer det eg ikkje har funne på bygdebutikken tidlegare.  "Nei, det har vi ikke, og e vet egentli ikke koffor", fekk eg til svar på om kvar korintane var på OBS!  Elles er vareutvalet enormt.

Er det korintmangel i verda?  Eg må nok til Ulsteinvik ein av dei næraste dagane.  Har nokon kjøpt der?  Kiwi Ørsta er det einaste konkrete tipset eg har fått!

Vi overlever nok utan.  Det berre irriterer meg at fleire butikkar har tatt korintar ut av vareutvalet medan dei har ørten typar rosiner.

3 kommentarer:

  1. På Coop var dei utselde, men på Kiwi hadde dei, så eg kjøpte 3 pk. for sikkerheits skuld. Brukte mindre enn ein.

    SvarSlett
  2. Forstår godt at korintene er forsvunnet fra butikkene. Ufint - men de har jeg alltid pellet ut av kakene :)

    SvarSlett
  3. Eg skal ha det til Mor Monsen og Gunda sin aprikosmarmelade;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...