søndag 2. desember 2012

Bok 56: Svik

Dette er den tredje romanen med journalisten Kajsa Coren.  Eg har sjølvsagt lese dei andre to.

Ein tysk mann vert funnen drepen i ein båt på fjorden.  Etter kvart kjem det fram at dette drapet har samband med noko som skjedde under krigen.

Krimgåta er greitt oppbygd, synest eg.  Vi får og vite passeleg mykje om privatlivet til Kajsa.  Eg får assosiasjonar til Liza Marklund sine bøker, men Kajsa vert noko ordinær samanlikna med Annika. Det er nok meir truverdig.

Det at hendinga er lagt til Sunnmøre, er sjølvsagt artig.  Politiet kjem frå bygdene her omkring, og ein tek ferje til Hareid.

Språket i romanen er eit heller konservativt bokmål, noko eg meiner ikkje kler historia. Valet av opplesar gjer det heller ikkje betre. Ingen heiter Råbbert på Sunnmøre!  Elles legg ho ofte trykk på feil staving i setninga, meiner eg.

Likevel; kjem det fleire bøker, så kjem eg nok til å lese dei.

2 kommentarer:

  1. Eg likte boka, men ikkje språket. Irriterte meg veldig over Råbbert. Og feil uttale av Moa og Olden m.fl. Trude Teige burde skrive på nynorsk, det kler Sunnmørskysten betre. Les det eg skreiv,det var mykje det samme.

    SvarSlett
  2. Eg er heilt einig i alt du skriv, og eg kjem truleg til å lese eventuelt fleire bøker av forfattaren.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...