fredag 28. desember 2012

Skappelgenseren ferdig!

Med god hjelp av mora si, har frøkna no fått ferdig Skappelgenseren sin. E la opp 6 færre masker på fram- og bakstykket og 4 færre på ermane.  Eg har sett at mange må brette opp ermane, for genseren sig litt.  Så eg felte av etter 40 riller. Både mor og dotter er godt nøgde med resultatet.  Av restegarnet kunne eg tenkt meg å strikke ein hals i to rette og to vrange.  Ho er ikkje overtydd.

Systera mi har vunne ein strikkepakke. Medan eg ventar på den, har eg gjeve meg i kast med eit par lestar i eit garn eg fekk i Hobbyklubben.  Akkurat no står eg fast ved hælfellinga.  Det er over 20 år sidan eg sist strikka eit par lestar. Hovudprinsippet forstår eg, men er usikker på kvar det skal vere rett eller vridd saman.  Eg har 26 masker.  Skal eg då strikke 13, 2 (rett/vridd) saman, snu, strikke 1 og 2 (vrange/vridd vrange) saman etc?

Eg lærte ein annan måte på lærarskulen, men det er denne metoden som eg lærte då eg gjekk på barneskulen som eg trudde eg kunne.






7 kommentarer:

  1. Eg skal skrive ned MI hælfelling, s¨kan du bruke den om du vil.

    SvarSlett
  2. så-treffer litt skeivt på tastaturet av og til.

    SvarSlett
  3. Eg deler masketalet på 3. Strikke ferdig 2/3. Ta ei maske laus av i overgangen, strikke ei, vippe den andre over, så snu. Strikke tilbake til 1/3 står att, då to vrangt saman, snu... Du verda kor vanskeleg dette er når ein ikkje har hælen framfor seg, så kan ikkje garantere!

    SvarSlett
  4. Sjekk lonemorsblogg. Ho tek to vridd rett saman i staden for vippinga mi, resultatet blir sikkert det same.

    SvarSlett
  5. Då er det vridd saman på retta! Det går for det same. Eg vil ha min hæl spiss, men prinsippet vert det same.

    SvarSlett
  6. Hei,
    Tusen takk for koselig kommentar hos meg.
    Så flink frøkena di er som har strikka seg Skappel gensar (med litt hjelp). Ja, sikkert lurt å justere den litt så den held fasongen.
    Ser du har fått litt hælfellehjelp. Eg og brukar å dele maskane på tre pinnar, om ikkje maskeantallet går opp tek eg ein maske ekstra på midtpinnen.Så strikkar eg til det gjenstår ein maske midtpinnen pinnen. Strikk den siste av maskene på midtpinnen og 1.maska av tredje pinnen saman. Du ser om det skal ver vridd eller vanlig. Snu (ikkje strikk ut 3. pinnen)strikk vrangt til du kjem til siste maska på midtpinnen igjen.Strikk så saman siste maska og 1. maska på sidepinnen vrangt, snu.Det er kun midtpinnen du strikkar fram og tilbake heilt til alle maskane på sidepinnane er felde. Guri var dette råd å forstå :) Kanskje du er ferdig alt :))
    Ja,ja det var eit forsøk :D

    Ønsker deg eit Godt Nytttår.

    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  7. Eg forstår! Det vsr truleg slik vi gjorde på lærarskulen. No har eg laga kilehæl. Får prøve denne ein annan gong!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...