lørdag 13. juni 2015

Ny komfyr - min tredje

For vel ein månad sidan begynte den gamle, ein åtte år gammal Bosh-komfyr, å oppføre seg merkeleg.  Karamellpuddingane eg laga, fekk ikkje skorpe på toppen.  Eg greidde å svi ein Pavlovabotn. Først då brøda mine vart svidde under, forstod eg at steikeomnen sang på siste verset. 

På butikken fekk eg nokre tips til korleis eg kunne sjekke om det var elementet oppe som var problemet.  Det kunne reparerast.  For eit par år sidan fekk eg liknande problem fiksa på skulekjøkenet.  Den steikomnen gjekk fort attende til gamle fakter.

Det som gjer at eg har vore så treig, er at vi truleg skal pusse opp kjøkenet om eit år eller to.  Men eg kom fram til at eg må ha ein god komfyr i mellomtida.  Valet fall på ein relativt rimeleg ein.  Eg vil ha keramisk topp, men kan greie meg utan pizzafunksjon.

Eit stort pluss med denne er at den store plata er framme til venstre.  Eg synest det er bakvendt med steikepanna bak. Han som ville koke egg på same plata som før, kan berre sette på varme i midten av den store plata.

No har eg ei rabarbrakake i omnen i ei stor og god langpanne som følgde med. 

4 kommentarer:

  1. Gratulere med ny komfyr. Ja, DEN må vere i orden elles kjem ein ikkje langt.
    Vona skaden din blir fort bra.
    Eg gler meg i skrivande stund over nokre varme solgløtt i le av vinden.
    Von i hengande snøre, som dei sa.....

    SvarSlett
  2. Eg var ute i hagen ein times tid i dag. Eg kan greitt bruke høgrehanda.
    Ja, det var kjekt med ny komfyr. Den steiker fint, og litt raskare enn den gamle. Det er kjedeleg å ikkje kunne lage god mat.

    SvarSlett
  3. Eg trur vi har vår 4. Men to har vi gitt bort utan at dei var gåen. Men du kokar og bakar meir enn eg.

    SvarSlett
  4. Eg trur ting bar meir solide før! Denne må eg nok gi bort eller selje billeg når den tid kjem.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...