Blogglesarane hugsar kanskje at eg "fekk" meg ny kjøkenmaskin i haust. Før helga då eg laga suppe, vart eg mint på at eg ikkje hadde prøvd jusfunksjonen enno. Der går ei grense for kor mykje eg er villeg til å betale for frukt som skal pressast. No får ein både frukt og grønsaker for rundt 10 kroner kiloen.
I dag pressa eg to kilo appelsinar, og det vart nærare ein liter jus. Kva skal ein seie? Jusmaskina gjer dette både raskare og enklare, og då kan ein snike ned i ei gulrot om ein vil.
Trur det billegaste og enklaste er å kjøpe ferdigpressa FRISK jus, trur ikkje den er tilsett noko?
SvarSlettFerskpressa jus er det sunnaste, men billegast veit eg ikkje.
SvarSlett