mandag 10. januar 2011

Bytur

Då eg rippa markens grøde inn på datamaskina, hadde det skjedd ein liten glipp: CD 8 mangla.  I dag hadde eg valet mellom å lese dei aktuelle sidene i papirutgåva eg fekk av mor mi, eller bruke det som ei unnskylding for å ta seg ein bytur.  Eg valde det siste.  På biblioteket fann eg og ei mykje omtala krimbok.  Kritikkane har ikkje vore så gode, men eg har no lyst til å gjere meg opp mi eiga meining.

2 kommentarer:

  1. Eg har nylig lese Postcard Killers og likte den ikkje noko særlig. Syntest avsløringa var SØKT for å seie det forsiktig.
    Matkens grøde derimot elskar eg, mest på grunn av språket.

    SvarSlett
  2. Nydeleg, nesten poetisk opplesing på nordlandsdialekt. Eg anbefaler lydboka til dei som har lese papirutgåva før, og til alle andre sjølvsagt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...