søndag 23. januar 2011

Oksegryte

Inspirasjon og oppskrift til dagens middag fann eg på Alt godt sin blogg.
Retten inneheld ingrediensar som eg vanlegvis har i hus.  Eg brukte to pakkar tilbodskjøt, og det var akkurat passeleg til oss.
Familien likte godt gryteretten.  Ein var litt i tvil om det høvde med blomkål og brokkoli til?  Eg synest ein godt kan erstatte litt av risen med grønsaker.  I dag kunne ein velje mellom ris og byggris.
Til drikke serverte eg ein relativt ny type jus.  Den er frisk og god etter min smak.  Eg synest uttrykket "Handplukka eple" er litt artig!

2 kommentarer:

  1. Handplukka eple, synest eg er relativt uproblematisk.(Eple blir oftasrt plukka med maskin-i alle fall dei som går til jusproduksjon). Synest det er verre med handsteikte fiskekaker. Ser for meg at ein kvan brenner fingrane sine.

    SvarSlett
  2. Eg tenkte og på fiskekakene!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...