onsdag 12. januar 2011

Bok 2: Markens grøde

 Eg har hatt denne lydboka liggande snart eit år, trur eg.  Eg har vore fast bestemt på å lese ho, men det har vore eit ork å begynne. Kvifor veit eg eigentleg ikkje.  Vi las boka på ungdomsskulen og ho sette varige spor.  Eg hugsar enno lagnaden til Inger.  Ho hadde hareskår, og då ho fødde ei jente med hareskår, kvelte ho henne ved fødselen.  Dette måtte ho i fengsel for.  Og så vart ho operert.  Dette hugsa eg, men mykje anna var gløymt.
Las vi verkeleg heile boka på ungdomsskulen?  Det trur eg ikkje.  Viss eg hugsar rett, var  "resten av boka" frivilleg.  Eg las sjølvsagt heile.

Tvangslesing
Forfattaren i familien har eit anna minne frå ungdomsskulen.  Han opplevde å ta skrekken av heile romanen. I klasse 10 A har vi nettopp vore gjennom ei runde med tvangslesing av roman.  Romanen har vore valfri.  Heldigvis har dei fleste funne bøker dei har likt.  For å sitere ein av elevane: "Dette er den beste boka eg har lese - ikkje at eg har lese så mange då."  Det handlar vel om å gjere kvalifiserte val. Nokre elevar kjem nok ikkje til å lese bøker på mange år, men då veit dei kanskje litt meir om kva dei går glipp av.

Hamsun står på pensumlista, men vi skal berre lese utdrag frå Victoria.  Ungdomsskuleelevar slit litt å lese Hamsun på  originalspråket, men livet hans fengjer.

Lese med andre referansar
Det er interessant å lese ein roman om att etter over 30 år.  I mellomtida har ein lese historie og litteraturhistorie, og ein har levd og erfart.  Om det var tungt å starte på romanen, så vart det etter kvart vanskeleg å legge han frå seg.  Opplesaren gjer ein fantastisk jobb med sin nydelege nordnorske dialekt.  Og romanen rømmer så mykje meir enn eg kunne hugse.  

Eg anbefaler alle å lese boka, gjerne som lydbok.



4 kommentarer:

  1. Eg hadde ein gong ein sterkt dyslektisk elev som erklærte at han hadde lese EI bok i sitt liv, og "aldri meir!" Klassen hans hadde på ungdomsskulen "tvangslese" den same boka, og tittelen var "Huset med den blinde glassveranda". No har eg ein son i nesten same alder, og eg har tenkt å spare han for denslags. Smaken hans går meir i retning av humoristiske bøker, eller bøker som handlar om fotball og mysterium. Relativt lite problemorientert, og langt frå Wassmo...

    SvarSlett
  2. Dei må få velje sjølve, og vi damer må ikkje tru at gutar i ungdomsskulen har same litteratursmak som oss!

    SvarSlett
  3. Når eg tenkjer på mi eiga skuletid: folkeskule, realskule og gymnas, var det lite og ingenting av litteraturen som apellerte til oss. Garborg og Duun når ein er 16 år gav avsmak for resten av livet.Duun har eg i seinare år lese på lydbok, då gikk det an, men av Garborg har eg berre lese dikta.Men eg hugsar første nummeret av Det Nye ! Vi unge var fyr og flamme, men pappa sa:Ditta va et tyle blad! Mamma sa: Det er ikkje sikkert det var meint for deg.

    SvarSlett
  4. Eg synest lærebokforfattarane er flinke å velje ut tekstar som høver for ungdom. Gamleboka hadde fleire frå mellomkrigstida med triste skjebnar. No er dei vekke, erstatta med Kalvø og Seierstad. Men klassikarane må med. Duun er også "ute".

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...