søndag 4. oktober 2015

Søndagssyslar

I dag starta vi på ei byvandring mot Aker Brygge.  Vi gjekk heilt til enden.  Dei som har leilegheiter her, vert turistattraksjonar når dei set seg ut på altanane sine.
Så gjekk vi oss på ei kunstutstilling med blant anna Damien Hirst. Den vidkjende hovudskallen var plasser i eit eige bekmørkt rom der han var lyssett. Berre nokre få fekk sleppe inn om gongen for å sjå For the love of God.
Eit anna kjent kunstverk, Mother and child divided, var t.ankevekkande. Adam og Eva måtte eg gå fort forbi.
No ligg det an til familietreff på Peppes om ei stund.

2 kommentarer:

  1. Dette museet har eg besøkt ein gong, og aldri meir! Eg blei berre deprimert og uroleg av alle dei motbydelege installasjonane. Kanskje var denne utstillinga betre... Fint med ferie i hovudstaden, kan eg tenke meg. Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  2. Lite vakkert å sjå, så eg forstår den reaksjonen!
    Inkjeseiande er det ikkje.
    Elles kosar vi oss i fint, men litt kjølig ver.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...