lørdag 31. oktober 2015

Kjøp og lån

Onsdag kveld sat eg og kika på Facebook.  Då dukka det opp bilde av ei jakke som eg fall pladask for! Det var reklme for Kristin Wiola Ødegård si nye bok. Den boka hadde eg tenkt å ønske meg til jul, men no vart det jakka eg ønska meg ...
Eg bestilte boka på ark.no, for der ligg kortet mitt inne slik at det einaste eg må hugse er tre siffer på bankkortet.  Det har eg i hovudet.  I går låg boka i postkassa.

Så langt var alt vel.  I går skulle eg rekke TrådKråa.  Der hadde dei ikkje botnfargen inne i det alpakkagarnet eg har tenkt å bruke. Nei vel, så må eg vente på garn frå nettbutikken, tenkte eg.  Men der var dei utselde både i Alpakka og Peer Gynt.  Kva gjer ein då?

For ein time sidan gjekk lyset opp for meg!  Det kan no hende at andre nettbutikkar har att av garnet!  Eg var heldig!  På første forsøk, Nøstenett, hadde dei fargen inne.  No må eg berre vente ...
På biblioteket i dag fann eg ei anna ny strikkebok.  Der er mykje fint i den, men ikkje i min stil - om eg har nokon.  I bærboka er det mykje å lese og lære.  Om eg orkar å lese dokumentarboka, vil tida vise.  Men der er faktastoff om akkurat det Trude Teige skreiv om i boka eg nettopp har lese.

1 kommentar:

  1. Ja, den jakka ser kjempefin ut! Trur eg må kjøpe den boka, eg og. Bra du fekk tak i garnet til slutt. Eg må gjere ferdig noko før eg kan kjøpe garn til fleire kofter.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...