søndag 1. november 2015

Eltefrie rundstykke


For eit par veker sidan såg eg at Anne-Mari hadde laga eltefrie rundstykke frå Enklare brød. Det la eg straks planar om å prøve. Først i går kveld rørte eg saman deigen. Eg gjorde ei lita endring, for eg hadde ikkje sammalen rug, fin.  Det vart Fibramjøl (sammalen kveite, fin i staden). OK, så juksa eg litt og sette dei på kald plate.  Sjå på Trine sin matblogg for oppskrift og framgangsmåte.

Rundstykka er best nysteikte. Likevel vil eg lage ein større porsjon neste gon slik at brettet vert fullt. Desse passar svært godt i familiar der bakaren står opp ein time før frukostgjestene.  Eg ser ikkje vekk at det er slik i nokre heimar ...


2 kommentarer:

  1. Gode rundstykke synest eg, eg brukte sammalt grov rug for eg hadde ikkje fin, Eine barnebarnet kommenterte at dei var grovare enn mamma sine, men åt godt :)
    Når me er på hytta har me sein frukost så det passa fint for ei farmor som ikkje orka å lligge så lenge.... Takk for linking :)

    SvarSlett
  2. Eg har kjøpt boka, men ikkje laga noko frå den enno. Likar å bli ferdig med ting, og eg er ikkje flink å planlegge på lengre sikt. Skal prøve å forbedre meg. Kanskje?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...