søndag 22. november 2015

22. november

Denne helga starta med triveleg overnattingsbesøk av svoger.

I dag har vi hatt fint snøver.  Eg måtte gå ein omveg på snarvegen.  Det vart ein runde i sentrum. Berre nokre få butikkar har pynta til jul - heldigvis!

Etter å ha fått rydda og vaska nede i går kveld, merka eg at energinivået steig. Det å bu i rot slik vi har gjort sidan haustferien, er tappande.

I morgon håper eg det vert interiørblogging!

2 kommentarer:

  1. Ser du har vore hos Kari.
    Ho laga så mykje fint, nye fargar i år.
    Kjekke ting å gi i julegåve.

    SvarSlett
  2. Gler meg til interiørbloggen, og så får du kome med ønsker til jul.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...