fredag 4. november 2011

Forfattarbesøk

Det er travle tider på jobb for tida med kontaktmøte, prøver, hospitering og lefsebaking.  Sjølv har eg hatt vaktveke oppå det heile.  Då gjer det ekstra godt at det skjer noko som gjer at ein berre kan sette seg ned med klassa og høyre på andre.

Maria Parr kom på og fengsla forsamlinga, det vil seie nærare åtti tiandeklassingar, med å lese og fortelje.  Eg har ikkje lese Vaffelhjarte enno, men kosa meg med kapittelet Noas sjark, som ikkje er med i TV-serien.

Riks-TV boksen min har vore inne til reparasjon i fire veker no, så eg må sjå programmet når det går.  Tredje episode gjekk eg dermed glipp av, men får ta den att på nett-TV. Eg synest, som eg har sagt før, at dette er stor litteratur.

Bildet er frå Wikipedia.

3 kommentarer:

  1. Eg las Vaffelhjarte for lenge sidan, men har lyst til å lese den på nytt. Mi godt vaksne nabodame fekk låne Tonje Glimmerdal av meg, og ho likte den så godt at ho kjøpte seg eit eige eksemplar. Dette er barnelitteratur av høg kvalitet!

    SvarSlett
  2. Eg håper ho kjem med fleire bøker!

    SvarSlett
  3. Veldig stolt av at Maria kjem frå den kommuna eg vaks opp i ;-) Fleire flotte forfatterar frå den kanten!

    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...