tirsdag 29. november 2011

Omega-3-brød

I går sat eg og såg eit innslag frå frukost-TV i opptak.  Det var med Berit Nordstrand.  Ho snakka om at born må få i seg nok og rett feitt.  Omega-6 får dei i mjølkefeitt medan omega-3 er å finne i til dømes valneter og linfrø.  I læreboka vår er ei oppskrift på omega-3-rundstykke.  Deigen til dei er litt klissete.  Mykje sammale fint mjøl gir gjerne ein klissete deig.

Medan eg hadde inspirasjonen, gjekk eg ut i kjøkenskåpet og rydda ut ein rest knuste linfrø, litt valsa mjøl og ein pakke valneter.

For at ein skal få nytte av linfrø, bør ein anten legge dei i blaut ei stund eller skålde dei.  Eg skålda linfrø og det valsa mjølet før eg for i butikken og handla.  Etterpå hadde eg i litt lunka vatn og ein halv pakke gjær.  Elles hadde eg i 5 dl kveitemjøl, valnetene, 1 ts salt og sammalen kveite, fin til passeleg deig.  Deigen fekk heve eit par timar.
Væskemengda er eg litt usikker på, men eg trur det var omlag 7 dl.  Det vart i alle fall to brød i tolitersformer. Eg trykker dei litt ned på midten for å få mest muleg firkanta skiver.  Så fekk det heve ca 40 minutt før eg steikte det på 200 grader i nesten ein time.

Brødet vart skikkeleg godt, men så er no dette ein luksusvariant!


2 kommentarer:

  1. Eg blei så fascinert av Berit Nordstrand at eg abonnerte på nyheitsbrevet hennar.. Linfrøa i Ingers rugbrød skal verken det eine eller det andre, men reknar med at dei blir skikkeleg mjuke når det er 2 hevetider? Korleis valsar eller skoldar ein linfrø? Brøda såg kjempegode ut.
    Elin.

    SvarSlett
  2. Eg har berre kokande vatn over når eg skåldar. Schakenda var også opptatt av at frø skal ligge i bløyt. Linfrøa vert svært mjuke med mjukt stoff rundt seg. Dette gjer mjuke og haldbare brød. Berre prøv! Til Ingers rugbrød kan ein vel skolde noko av mjølet og frøa? Eg har aldri laga det...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...