lørdag 12. november 2011

Bokbad

I dag hadde biblioteket på Moa invitert Øystein og biblioteksjefen til såkalla Bokbad.  Dei hadde fått høyre at Bokbad var ein beskytta tittel som Bokklubben har einerett på.

Eg er imponert over bibloteksjefen.  Ho møtte opp godt førebudd og stilte mange interessante spørsmål om novellesamlinga Sjabervik.  Forsamlinga var lydhøyr, og fleire kom med innspel og spørsmål etterpå.

Det er alltid spennande kor mange som dukkar opp på slike arrangement.  Eg hadde tent ut nokre vener som eg tenkte ville kome om dei ikkje hadde andre planar for dagen.  Det gjorde dei!  Så det vanka kaffi på Emblem ut på dagen.

Både biblioteksjefen og forfattaren fekk med seg blomster heim.

2 kommentarer:

  1. Mora di tipsa meg om bloggen din, Solveig, takk for svært fine ord! Denne formen med bokbad var ny for meg også, og derfor ekstra kjekt at det gjekk såpass bra. Eg skreiv i ein kommentar på Øystein sin blogg at vi får ta ein ny runde når romanen er ferdig. Takk for at de kom - båe to!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...