tirsdag 22. november 2011

Tida vi lever i

På skulekjøkenet her om dagen fekk ein av elevane bruke den store Kenwoodmaskina til å piske krem.  Eleven var tydeleg imponert.  Eg spurde om dei ikkje ha kjøkenmaskin heime.  "Nei", svarte ho, men etter at ho hadde tenkt seg om nokre sekund, kjem det: "Men oss he kaffimaskin!".

Det er vel kanskje slik det har vorte.  God eller fancy kaffi er viktig.  Kaffitraktaren vår har begynt å skrante.  Men noko billeg kapselmaskin ville ha vorte svært dyr i drift her i huset med tre eller fleire kaffidrikkarar.  Trikset er sjølvsagt å selje billege maskiner og deretter dyre kapslar.  No håper eg at slike maskiner som mel kaffien før dei bryggar han, kan kome ned i ein høveleg pris.

2 kommentarer:

  1. El-butikkar er det eg likar best. Likar å gå rundt og studere meir og mindre nyttige ting og følge med i det nye som dukkar opp.Mykje har vi, og somme ting kunne vore kjekt å ha, men eg må innrømme at fleire slike "nyttige" ting blir ståande i kjellarbuda etter kort tids bruk. Men at folk ikkje har kjøkkenmaskin høyrest rart ut for min generasjon. Den første Kenwooden vår, med hurtigmiksar, kjøpte vi då du vart fødd. Og vi laga nesten all barnematen på hurtigmiksaren. Ikkje mange glas med ferdigmat vart kjøpt til deg.

    SvarSlett
  2. Eg lærte altså tidleg at heimelaga mat smakar best!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...