Eg har nyleg lese nok ein bestseljar. Romanen er filma, så eg har planar om å få sett filmen etter å ha lese boka. kjenner eg meg sjølv rett, vert det til at eg kjøper DVD-en.
Miljøet er Missisippi på 60-talet. Ei ung kvit kvinne får lyst til å bli journalist i staden for å leve opp til forventningane om å gifte seg og få familie. Ho begynner i det små med å skrive husmortipsspalta i ei avis. Husarbeid har ho ikkje greie på, ho som er oppvaksen med hushjelp. Så ho må gå til ei svart hushjelp ho kjenner.
Det vert til at ho bestemmer seg for å skrive ei bok om dei ulike lagnadene til farga hushjelper i byen.
Eg likte denne bestseljaren. Forfattaren greier å skildre eit miljø og ei rekkje mennesketypar. Ho skildrar menneska med humor og varme. Og ikkje minst greier ho å halde seg når det gjeld kjærleikslivet til hovudpersonen.
Lydbokversjonen er litt forvirrande, for her er tre forteljarstemmer, Skeeter, Minnie og Aibileen. Dette har dei løyst med å ha tre opplesarar. Men dei les for likt. Ein skulle ønske dei hadde kvar si dialekt bak stemma, ein skarre-r eller noko anna som kunne ha vore til hjelp. Les gjerne om boka på Bokkilden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar