mandag 21. november 2011

Hodejegerne

Film er best på kino.  Eg veit det.  Men eg kjem meg sjeldan så langt.  Tida går fort, så det er ikkje så lenge til ein får kjøpt filmen på DVD, kanskje den til og med kjem på Coop-kupp!

Når det gjeld boka, så likte eg betre denne krimboka som er frittståande, enn eg har likt dei to siste Harry Hole-bøkene.  I denne romanen er det ein kjeltring, nemleg ein hodejeger og kunsttjuv, som er hovudpersonen.  Han vert lurt inn i ei felle, men kjem han seg ut av ho?

Forventningane til filmen var ikkje akkurat høge (jfr: varg-Veum-filmane).  Kanskje derfor vart eg positivt overraska.  Eg synest filmen hadde nerve og driv i seg.  Men sjølvsagt er boka mykje betre.  Så mitt råd er: Kjøp gjerne filmen om du ikkje har sett han på kino, men les boka først!

2 kommentarer:

  1. Eg er ganske lei av krim, likevel kjem eg stadig heim med nye krimbøker. Denne boka har eg ikkje lese, derimot har eg sett filmen på kino. Det er mange som likar filmen, men den slo ikkje an i pensjonistlaget. Eg synest den var litt morsom, og at Aksel Henie spelte godt. Og det er i grunnen det eg meiner om filmen.

    SvarSlett
  2. Det er dette med forventningar. Kanskje pensjonistane ikkje visste kva dei gjekk til? Ein skulle tru dei følgjer med i media då.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...