søndag 27. november 2011

1. søndag i advent

 I dag har snøen krope godt nedover Melshornet, og det har lagt seg litt snø på vegar og marker. Eg har kjøpt julestjerner til kjøkenet som eg plar gjere.
 På kjøkenet mitt er det elle  mange raude ting.  I seviettsamlinga mi fann eg serviettar som redda fargekrasjet.
Adventsstaken kjøpte eg på Floriss.  Eg er lei av stearinflekkar frå tynne lys.
Seiersbrusen kom i hus førre helg.  I dag inviterte vi journalisten på middag før siste seriekamp i bya.

For dei som vil vite kva som stod på menyen, så var den svært enkel: Fårikål.  Frøkna skrelte poteter som var heimelekse i mat og helse.  Til dessert hadde vi hermetiske kirsebær(kjøpt i Sverige) og pærer med krem.

1 kommentar:

  1. Vi blei bedt opp til Else og Sverre til kaffi i lag med Peder, og der var det nylaga lefser og adventslys.
    Her heime er eg litt forsiktig med lysbrenning, pappa er litt allergisk. Men no må eg visst fyre opp, for å fordrive tre-dagars-ball-lukt. Kjende den ekstra godt då vi kom heim.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...