torsdag 3. november 2011

Bok 53: Bake kake søte

Eg har lese fleire kriminalromanar av Jan Mehlum med advokaten Svend Foyn som etterforskar ulike saker.  Med seg har han ein sanktbernhardshund.  Ei nær-døden- oppleving høyrer med.  Slik er det også i "Bake kake søte".

Det startar med eit tilbakeblikk.  Ein femåring vert kidnappa. og det endar katastrofalt.  Ei politikvinne vert ikkje den same att.  Ei anna sideforteljing går til Sverige.  Så vert ein seks månader baby kidnappa, og romanen går over i eg-form.  Svend Foyn hamnar opp i situasjonen, og adoptivmora til barnet hyrer han inn.

Først vert ein redd for at ein har tippa korleis det går.  Heldigvis er ikkje krimgåta så opplagt.

Eg har tidlegare samanlikna Jan Mehlum med Gunnar Staalesen og kalla dette kosekrim.  Det er god underhaldning.  Og som kjent er eg glad i ironi og sarkasmar.  Metaforane og samanlikningane krydrar språket.  Eg kosa meg med boka!

1 kommentar:

  1. Eg er enig i det du skriv om Jan Mehlum sine bøker.Ikkje spesielt spennande, men svært velskrivne. Varg Veum er eg mindre begeistra for, men det veit du.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...