Eg bruker ikkje oppskrift når eg lagar denne retten lenger, men tek det eg har av grønsaker i eitt lag, kyllingkjøtdeig i neste og ostesaus på toppen. Oppskrifta finn de her. I dag fann eg ut at eg kunne steike grønsakene rett i panna og sette henne i omnen etterpå. Forma mi har nemleg vore litt lita, men her var det god plass, og det fungerte flott.
Retten kan varierast med ulike krydder og kjøtdeigsortar. Litt parmesan på toppen gjer seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar