tirsdag 15. mars 2011

På verdas største bokhandel kjøpte eg ...

Vi var innom verdas største bokhandel to gongar.  Utvalet er sjølvsagt enormt.  Men kva skal ein kjøpe?
Denne strikkeboka freista med sine vakre bilde og mønster.
Ein historisk del.  Kvinnene strikka sjølvsagt medan dei gjorde andre nyttige ting.
Mønstrene og naturen.
Boka er full av mønster.  Kanskje eg strikkar eit par vottar?  Eg skal i alle fall ta meg tid til å lese det historiske stoffet.

Om engelskmennene strikkar?  På musikalen "We will rock you" , sat der ei ung dame og strikka medan ho venta.  Hadde ho sete nærare, så kanskje eg hadde vorte freista til å vise henne Norwegian knitting, for engelskkvinnene sit og kastar tråden på ein utruleg merkeleg og tungvint måte.

5 kommentarer:

  1. Eg må opne bloggen i ein annan søkemotor for å kunne kommentere. Har sett den "engelske" strikkinga" på film etc. Her til lands kasta dei også tråden før i tida. Far din gjer det når han skal strikke. Kanskje dei synest VÅR strikking ser bakvendt ut?

    SvarSlett
  2. Vi har i alle fall rolegare bevegelsar! Mønsterstrikk er no ein ting, men dei gjer det når dei strikkar rettstrikk og.

    SvarSlett
  3. Veldig freistande bok!! Kastinga til engelskmennene er annleis enn "gamlemåten" her.

    SvarSlett
  4. Store fakter i forhold til slik eg strikkar i alle fall!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...