onsdag 2. mars 2011

A day at the airport

Fly kan vere forsinka.  Det veit vi.  Men det er annleis å få føle det på kroppen.  På Vigra fekk vi vite at det var skodde på Gardermoen og så at det  hadde vore ei ulykke der. Eit fly hadde trilla av rullabana.  Det gjekk bra med passasjerane, men ei rullebane var stengd.  1 1/2 time venting.  Vi nådde ikkje Londonflyet, og måtte vente 3 1/2 på neste fly.  Ein har ikkje anna val enn å sjå positivt på det! 

Ekstraopplevingar
Ei vennleg dame vinkar meg ut av køen på Vigra.  Det var etter at eg hadde tatt av meg støvlettane og gått gjennom ei ny dør.  Ho ville sjå gjennom handbagasjen min.  Eg vert med inn i eit avlukke.  Nei, ho fann ikkje noko.  Eg kom ikkje på å spørje om kva ho leita etter.  Etterpå har eg lurt på om det vat shoshinen som eg heiv oppi veska i siste liten.  I passkontrollen studerte politimannen passbildet mitt og såg på meg så lenge at det var hakket før eg let det falle ein kommentar om at dei tek vel høgde for at folk fargar håret? Men det er vel best å ikkje spøke meg øvrigheita.  Sjølv om karen såg ut til å gjere seg strengare enn han var.

Då vi først hadde kome oss opp i Londonflyet, gjekk alt greit.  Ein får ein time ekstra.  Så no har vi vore ute og ete fish and chips og tatt oss ein tur til sentrum.  Her er kaldt.  Ein skal vere glad ein tok med seg vinterjakker.  I morgon skal vi starte på Madame Tussauds, og så tek vi det derifrå.

Det tek minst ti minutt å laste opp eit bilde, så blogglesarane får sjå på dette som eit lite livsteikn skrive i full fart etter ein lang dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...