fredag 6. desember 2013

Korintar - kva skal du med det?

Det var omtrent slik eg følte eg vart møtt i fjor då eg jakta på denne vara.  Ungdomane i butikkane visste ikkje kva det var.  Så då eg først kom over nokre pakkar, eg trur det var på Kiwi i Ulsteinvik, kjøpte eg eit lite lager.  Datostemplinga gjer at eg ikkje kan spare dei til neste år.
 I dag var eg på jobb til nærare halv fem.  Bøkene ligg sorterte i fag eg skal ha måndag. No tek eg fri i helga.

Eg gjekk altså heim med lette steg, og motivasjon til kakebaking og matlaging kom sigande.  Så no har eg baka Mor Monsen og gonga oppskrifta i Gunda si syltebok med fire. (Alle glasa er ikkje med på bildet.)
Eg håper arbeidslysta held seg utover i helga!

Oppskrift på Mor Monsen kan de få i morgon.

1 kommentar:

  1. Kjenner til korintproblemet, og eg kjøpte også så mykje i fjor at eg hadde til Mor Monsen i år også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...