torsdag 19. desember 2013

Same prosedyre

 Siste veka før har vi ganske fast prosedyre på. Det startar med juleverkstad.  Seks timar julemannbaking med åttandeklassingar bruker å vere temmeleg hektisk.  I år gjekk det uvanleg greitt.  I går var det juleball.  I morgon er det tradisjonell avslutning med kyrkjebesøk, juletregang og samlingsstund for elevane før vi lærarane har avslutning.

Noko vi ikkje kan kontrollere, er veret.  Siste åra har det vore mykje kulde.  No om dagane har temperaturane vore oppe i både ti og elleve varmegrader.

I dag viste eg elevane "Grevinnen og hovmesteren" sidan vi hadde nokre minutt ledige.  Det er ikkje sikkert dei som no veks opp ser på TV lisjejulaftan?  I alle fall har dei no lært at om dei ein gong drikk noko dei ikkje liker, kan dei berre seie: I'll kill that cat!


3 kommentarer:

  1. Og om de ser tv er det så mange kanaler å velge mellom nå.
    Ikke sikkert de kommer innom nrk på rett tidspunkt.
    Visst de ikke har foreldre som bare må se det hver lillejulaften. ¨
    Her begynner vi nesten å bli litt lei den, men som regel må vi innom likevel :)
    Ha ei riktig god siste førjulshelg :)

    SvarSlett
  2. Tradisjonar er viktig.
    Kjekt å vere i lag med elevar med slike aktivitetar kan
    eg tenkje meg. Forventningane er der nok same kor
    "tidene forandrer seg ".

    SvarSlett
  3. Eg er lei av Grevinnen og hovmesteren. Men når eg ser den saman med dei som ser det for første gong, må eg berre le saman med dei! Latter smittar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...