onsdag 21. juni 2017

Pannegal - eller historia om eit pannekjøp

Dei siste ti åra har eg kjøpt panner med tanke på at eg ein gong i framtida skulle få meg kokeplater med induksjon. Likevel måtte eg parkere nokre panner i vinter. Aluminiumspanna mi på 12 l var frå 1985, grautpanna på 10 l frå før 2003 og balljpanna  mi på 8 l som var omtrent like gammal.

Eg har sett meg litt rundt og kome fram til at den største panna som kan erstatte desse, må ha belegg slik at eg kan koke rømmegraut. Stålpanna mi på 15 l kan gjere nytta elles.

Då vi var i Kongsberg i mai, såg eg ei panne på Jernia.  Der var stort utval, og dette var den største, ei Høyang Polaris på 8 l.  Prisen var ganske stiv, 1499 kr.  No er mor mi omtrent like glad i gode panner som meg, så eg tenkte at eg kunne kjøpe den for gebursdagspengar fr foreldra mine.

Då eg skulle vise panna til ei venninne, såg eg at ho kosta 1250 kr  på ein nettbutikk.  Litt seinare gjekk eg inn på nettsida for å slå til.  Næraste Jerniabutikk er nemleg i Ørsta, og der er eg berre etter stengetid. Men så skjedde noko irriterande!  Dei la på 99 kr i porto!  Vanlegvis slepp ein å betale porto når ein kjøper for så store beløp.  Eg stansa kjøpet.  Det var lenge til Jonsok.

No lurer eg på om nettsida har stempla meg som gniten!  Førre veke sende dei meg nemleg ein verdisjekk på 200 kr.  Panna kosta meg då 1173 kr MED porto.

Ja, ja, no har eg i alle fall fått panna eg ønska meg, og om ikkje så lenge vert det rømmegraut!





2 kommentarer:

  1. Eg har òg vore utsett for ekstra tilbod etter å ha stansa eit kjøp på netthandel. Kanskje ein bør gjere det til ein vane...

    SvarSlett
  2. Det gjeld å ikkje vere for ivrig, eit gammalt pruteprinsipp altså.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...