I dag har eg vore skikkeleg lat! Det har vore ein dagen derpå både etter eit heilt skuleår og etter Under linda-arrangement i hagen i går. Det kan de lese meir om på systera mi sin blogg. Det er mannen som arrangerer. Eg er meir i arbedskomitéen. Det vart eit fint arrangement sjølv om veret kunne ha vore litt betre.
Frøkna reiste til Oslo midt på dag. Ho skal ein dag i Forsvaret. Broren, som nettopp har avslutta stridskurs, skal ta imot henne og finne hotellet. Så får dei ta seg eit måltid i lag.
Medan eg lata meg har eg tatt ut og inn av maskiner, baka brød og strikka ferdig ein genser. I morgon skal eg kjøpe knappar til kufta eg har strikka til søstera mi. Komande veke vert det ein Bergenstur før vi reiser til Shetland om ei veke. Dei vaksne borna vert heime og passar huset. Så håper eg at lysta til å blogge stig! Eg har ikkje vore så flink i vinter. Time will tell ...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar