torsdag 4. september 2014

Spøtekveld

I dag har eg vore på Trådkråa på strikkekafé.  Der vi vi sjå nye modellar og hefte. Det kjem ut utruleg mange fine strikkehefte i haust.  Det verkar som leverandørane kappast om nyheitene.  Der er både tradisjonelle og meir moderne oppskrifter i hopetal.  Nye garntypar har og kome til.   Eg har bestilt lysegrått garn til ei Skappeljakke.  Enn så lenge får eg pjasker med ei lita babyjakke som eg skal gi til ein kollega.  Der skal vere treknappar.  Desse fall eg berre pladask for i dag.  Så vart det litt handel likevel.

At eg må ta meg på tak og gjere ferdig tunikaen, er ei anna sak...

8 kommentarer:

  1. Høyrest kjekt ut med spøtekveld.
    Fin farge på babyjakka.
    Vonar forma er god igjen!

    SvarSlett
  2. Ser at du skriv Trådkråa-det er vel ein slags demonstrasjon? Sidan butikken faktisk heiter (Skrekk og gru) Tråd Kråa. Kvifor ikkje Garnkroken/-kråa.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje medviten i gjerningsaugneblinken. Men i særnamn kan ein vel skrive som ein vil ...

      Slett
  3. Forresten såg både jakka og knappane veldig fine ut.

    SvarSlett
  4. Kjekt å strikke i minste storleik - til eit januarbarn.

    SvarSlett
  5. Søte knappar!! Er einig i at det har kome utruleg mange fine strikkehefte i haust. Likar særleg godt hoftene til Sandnesgarn.

    SvarSlett
  6. He he. Meinte heftene...... Denne autokorrekturen .......

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg måtte lese ein gong til for å finne feilen... Ordbildemetoden overser ein del ...
      Eg og synest Sandnes sine hefte inneheld mange spreke modellar.
      Dei som har kome no, er visst berre byrjinga. Vi kan vente oss ti til.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...