onsdag 3. september 2014

Skappelstrikk

Då denne boka kom som månadens bok i Hobbyklubben, avbestilte eg henne tvert.  Men så sat eg her søndagskvelden ettter Moldeturen.  Den tida eg hadde sett av til shopping, låg eg og sov.  Frøkna har orda frampå om ei Skapelljakke ho treng for å få brukt toppane sine gjennom vinteren.  Det vart til at eg gjekk inn på ark.no.  Der ligg Visakortet mitt inne.  Eg må berre hugse tre tal. I dag låg boka i postkassa.  Målet var å ha henne med på strikkekafé i morgon.
Det er ei fin bok.  Dei gamle modellane er med i tillegg til nokre nye. Ein får vite ein del om alpakkaull.  Dorthe Skapell har laga ei personleg bok der familien stiller opp som modellar.

Eit stort minus med boka er alle vaksenoppskriftene er i one size.  Vi har ikkje Skappelstorleik!  Eg er 164 1/4 på strømpelesten, og frøkna er eit nummer mindre! Vi hadde kome til å svømme i plagga.  Ja, ja, eg får vel knipe inn nokre masker i kvar side ...

Eit stort pluss vil eg gi til skissene i boka som de ser eit døme på.  Korleis ein skal sette inn lommer er til dømes forklart med fleire bilde.  Det er greitt både for nybyrjarar og vidarekomne.

P.S.
Eg håper å kome attende sterkare med blogging.  Dei siste dagane har eg hatt meir enn nok med å kreke meg på jobb ...

1 kommentar:

  1. Ei skappeljakke til vinteren høyrest herlig ut. Men med berre ein str er det ikkje så enkelt. Enten ein er liten eller stor.
    God bedring!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...