søndag 21. september 2014

Endeleg!

I går vart eg endeleg ferdig med monteringa av tunikaen eg strikka på i sommar.  Den var kjekk å strikke, men monteringa var både pirkete og tidkrevande.  I går hadde eg bestemt at eg skulle bli ferdig.  Det var berre att å sette i ermane.  Då eg hadde tråkla dei i, oppdaga eg at eg måtte vere mykje meir nøyaktig med stripene.  Dei må treffe likt overalt.  Heldigvis fekk eg spørsmål om å vere med på kafe så langt ut på dagen at eg akkurat rakk det.  Det vil seie, eg rakk også å vaske den for hand.  Vaskemaskina sentrifugerte den for meg.

Oppskrifta fann eg i eit hefte eg bestilte frå England: marie Wallin Windswept. Det gjekk stort sett greitt å lese oppskrifta på engelsk.  Ein stad var eg i tvil, men fekk støtte av ein kollega for det eg trudde det måtte bety. Innsvinginga viser i diagram.  Åttebladsrosene var ikkje midtstilte, så eg måtte endre litt på diagrammet..  Eg strikka plagget rundt og klipte opp for ermar og hals.  Ermane er 2/3 eller 3/4 lange.

No har eg sett meg litt lei på alle fargane ... 

7 kommentarer:

  1. Lekker tunika, i fine fargar.
    Men FOR ein jobb dette må ha vore. Eg er så imponert
    over alle fine strikkaplagga du lagar.

    SvarSlett
  2. Veldig, veldig fint, gratulerer!

    SvarSlett
  3. Artig og original tunika, og fiiiin sjølvsagt!

    SvarSlett
  4. Så sommerlig og fin! Får assosiasjoner til hønstestrikk som vi holdt på med på slutten av søttitallet. Hi hi… alt går i en runddans.

    SvarSlett
  5. Veldig fin! Fine fargar og god fasong!

    SvarSlett
  6. Takk alle saman!!
    Det var mykje jobb, men no er den gjort.
    Eg liker at den er fasongstrikka.
    Men "aldri meir"!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...