søndag 8. desember 2013

2. søndag i advent

 No har vi endeleg kome i gang med litt baking til jul! I går bakte eg sju grove brød med tørka frukt i.  "Vanlege" julebrød skal eg bake i brødbakemaskina, trur eg.  I dag har eg lurt meg til å vaske litt (kjøleskåmp mellom anna) medan frøkna bakar peparkaker og julemannar.  Ho prøver ut oppskrifta frå den nye kokeboka for skulekjøkenet, nemleg "Kokeboka mi".

Av og til lurer eg på om dei som lagar oppskrifter til niandeklassingane, har undervist på ein ungdomsskule med ein viss storleik sjølve. Dekk deigen med plast og lat han stå kaldt minst ein time, gjerne natta over. Så god tid har vi rett og slett ikkje!

Førre helg oppdaga eg at eg berre hadde nokre få lilla serviettar. Vanlegvis tel eg pakkar ... Desse kom eg over til halv pris på Nille.
Kvart år har vi julamannar i denne kakeboksen.  Det er og ein av dei tinga eg synest var så fine i barndomen! Yngstemann eig no denne.

Det nærmar seg jul.  No er det berre 13 dagar til studenten kjem heim!

1 kommentar:

  1. Det var mens vi budde på Melle eg bad far din om å kjøpe to store kakeboksar. Han kom heim med denne+ ein svart med raud rose på loket. Sidan yngstemann var så interessert i fuglar ein periode , synest eg det var greitt at han arva denne.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...