lørdag 28. desember 2013

Herregenser i Mitu

I dag må Rauma si nettside ligge nede, for eg greier ikkje å finne link til oppskrifta.  Men om nokon vil sjå etter oppskrifta, er den i det siste heftet deira.  Journalisten, han som skal få genseren, er opptatt med Grendacupen i heile dag.  Faren stilte som modell.
 I staden for å legge vekk genseren ein gong til etter å ha sydd maskinsaumane, brukte eg nokre timar på å sy i ermane.
Det tek si tid når ein skal sy med strikkesting.
 Halsen laga eg etter at eg hadde strikka genseren saman på skuldrene. Eg synest det vert penare å stikke rundt heilt opp for så å plukke opp masker tilsvarande slik det skulle gjerast i oppskrifta.  Så syr eg ein maskinsaum og sikkar som på ermane, og til slutt klipper eg vekk overskotet.  Sårkanten kjem inn i halsen når ein strikkar den dobbel som her.
Eg veit at ein kan sy saman med strikkesting på skuldrene. Eg strikkar saman frå baksida.  Det er enklare og saumen vert meir "hold i".

I går vaska eg genseren for hand og sentrifugerte han i maskina.  Eg dampar aldri strikkeplagg.  Det var tekstillæraren svært bestemt på då eg gjekk på lærarskulen.  Då fkk ein flate plagg, meinte ho.  Og er lyder snart 30 år etter.

6 kommentarer:

  1. Denne genseren er veldig fin. Eg likte mønsteret med det same eg såg det. Og du gjer veldig pent arbeid, det veit vi alle. Og det som er ekstra kjekt er at du no kan strikke etter mange års opphald.Viss ikkje Einar blir fornøgd med denne...........

    SvarSlett
  2. Det vert han heilt sikkert! Tippar han kjem til å bruke den ute på kampar, gjerne i mange år framover.

    SvarSlett
  3. Eit fantastisk stykke arbeid, imponerande!

    SvarSlett
  4. Ja, det var tidkrevjande med så mykje mønster. Etter den strikka eg to einsfarga prosjekt ... Jenter vil ha mange klesplagg. Karane treng berre ein genser kvar.

    SvarSlett
  5. Eg gløymer aldri jula for tre(?) år sidan, då Einar hadde fått på seg ein genser som eg strikkatil han då han var 9-10 år. Og påstod det var den beste genseren han hadde.(Eg hadde strikka ein annan til han, etter at han var blitt vaksen).

    SvarSlett
  6. Det var vel den jula han var sjuk. Den nyaste har i aale fall kome fram i lyset.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...