mandag 22. februar 2016

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med 26-årsdagen!  Gebursdagsbarnet feirar dagen med å førebu seg til konkurranse på Hardangervidda. Han liker utfordringar i naturen.  Mora er glad ho ikkje ser bilda før han er heimkomen!  Her kan de klikke dykk attende til tidlegare helsingar.
 I dag var det berre han som mangla ved middagsbordet.  Faren køyrde yngstemann til flyplassen i Ørsta.  Sist vi høyrde frå han sat han i buss på veg til Vigra.

Til midag serverte eg karrigryte. Etterpå steikte eg vaflar til dessert/kaffi. Eg tenkte at han som skulle reise måtte bli skikkeleg mett.
Desse nydelege campunalaene fekk eg av mor mi i går. Dei skal få pynte opp inne så lenge dei er fine, og så skal eg sjå om eg greier å halde dei i live til dei kan få nytt liv i hagen.

2 kommentarer:

  1. Gratulere med bursdagsbarn.
    Så veret er såpass dårleg at flya ikkje letta ...same som her kanskje.
    Her me er har det vore tett kave heile dagen.
    Tre barneborn + besteforeldre har vinterferie på hytta. Det var så trasigt ver
    at den planlagde turen i slalombakken vart avlyst for vår del.
    Ein tur til sentrum var kjekt. Etterpå har dei baska i mengdene med snø, og forsøk på snøhyttebygging. Bra for kroppen det óg :)

    SvarSlett
  2. De må kose dykk! Her regnar det!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...