tirsdag 23. februar 2016

Familietreff

Eldstejenta til systera mi er heime frå Oslo nokre dagar.  Mor mi inviterte alle på rømmegraut i dag. Seinare serverte ho kaker. Vi fekk prate og tøyse passeleg mykje. Humoren er intern, for å seie det sånn.

I sommar fekk Ingeborg velje seg ut eit mønster til eit strikkeplagg. Eg fann fram bøker og hefte, og til slutt fall valet på den populære Nancykofta. Eg synest ho kler den svært godt!

2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...