onsdag 3. februar 2016

Kveldskurs på Klippfiskakademiet

 I går var nærare 30 mat og helselærarar samla på Klippfiskakademiet for å få smakebitar av opplegga deira.  Dei held til i same bygget som Akvariet i Ålsund.  Der er eit flott undervisningskjøken med kamera både over benken og komfyren.

Den første timen fekk vi undervisning i anatomien til fisken med dissekering.  For meg vart dette repetisjon av stoff frå vidaregåande, og då er det kanskje på tide å ta det fram att! Det er kjekt og interessant å lære noko av folk som ivrar for faget sitt og som vil formidle kunnskapen sin.
 På undervisningskjøkenet var eit par kokkar i sving.  Vi fekk servert smaksprøvar både fysisk - og av undervisningsopplegg. 

Kva skjer med smaken på gulrøter når ein:
  1. Kokar dei i olje
  2. Kokar dei lenge og lagar puré (med meierismør)
  3. Strimlar og har på olje- og sitrondressing
 Smaksprøve av kokt torsk med raudbet og salat.  Saus av eplesider m.m.
Steikt torsk med raudbet- og gulrøtpuré og omnsteikt,sprø grønkål.

Etterpå laga vi fiskekarbonadar og coleslaw.  Kokkenmåtte lage meir majones.  Då sneik eg meg bort for å høyre kva olje han brukte.  Det var soyaolje, men til aioli brukte han litt olivenolje også.

Eg liker ikkje å spørje om løyve til å legge ut bilde av folk på bloggen, men eg kan røpe at det snart kjem eit innlegg i mørenytt.

No har eg veldig lyst til at elevane våre skal få seg ein dag på akvariet og Klippfiskakademiet.  Ein ser at profesjonelle kokkar verkeleg har noko å tilføre.  Dei vil og like naturfagdelen.  Tenk å få dissekere sin eigen fisk!

3 kommentarer:

  1. Høyrest ut som ein givande dag
    Dissekering av fisk vil mange like å vere med på.
    Anatomi er no så kjekt å lære :)

    SvarSlett
  2. Veit at somme barn synest det er heilt fælt å ta i rå fisk- og innmat, men på Hareid er dei vel vande til det?
    Elles er eg FOR ekle fiskemåltid med fisk, poteter og gulrot, utan noko meir fiksfakseri, men det er vel fordi eg LIKAR FISK. Høyrer at folk brukar både bacon og anna attåt fisk, eg synest det er unødvendig, men KVITSEIDSMØR må vi ha til kokt fisk. Det som er, er at å koke fisk og poteter er gjort på ein augneblink, og eg er for snarlaga mat. Kor vidt anatomi er kjekt å lære -er ei sanning med visse modifikasjonar.

    SvarSlett
  3. Eg og er glad i at fisk smakar fisk. Torsken var anten kokt i steikeomn eller steikt. Tilbehøret var litt meir originalt. Det forventar ein vel om ein et ute.
    Interessa for anatomi vil nok variere. men her vil eg seie at når formidlaren er så flink, kan det nok hende at fleire vert interesserte.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...