søndag 21. februar 2016

21. februar

Studenten reiser att allereie i morgon.  I dag nytta vi høvet til å invitere besteforeldra på middag.  Ønsket frå studenten var kjøtkaker.  Det har vore tacotilbod på Coop.  Det var så vidt eg kom tidsnok til å få tak i kjøtdeig.  Dei var lens for kilos-"pølser" (hakka kjøtdeig), så eg måtte ta Gilde original (kverna).  Diskusjonen vert då om ein merkar skilnad.  Eg held på at den hakka kjøtdeigen er hakket betre! Elles så steikte eg eit par pakkar grytekjøt skore i omtrent same storleik som kjøtkakene. Alle her liker slik tradisjonsmat! 

No gler eg meg til TV-kvelden. Ein kan velje mellom to kvalitetskrimseriar.  Eg tippar vi ser Beck som er avslutta episodar.  Så kan vi samle nokre episodar med Shetland før vi ser fleire i slengen.

På bildet ser de kanskje at det snøa her i dag.  Då gjestene for, regna det ... Det er elles stor skilnad på snømengdene i dei ulike bygdene her no.

1 kommentar:

  1. Vi såg Shetland og tok opp Beck(Som vi ikkje har sett enno).Nils meinte Shetland var "langsom- TV" og eg er tilbøyeleg til å vere enig. Men eg likar å sjå naturen og høyre språketm.m.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...