Oppskrifta på tørre vaflar eller kakevaflar står på baksida av nokre av potetmjølspakkane.
4 egg
250 g sukker
250 g smør eller margarin (smelta)
500g (1 pk) potetmjøl
1 ms bakepulver
1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Ha i smelta smør.
3. Ha i potetmjøl blanda med bakepulver.
4. Steik gylne vaflar.
5. Avkjøl vaffelplatene. Brekk dei halvvlunkne vaffelplatene til hjarte.
Vaffeljernet bør vere godt. Eg spraya mitt med olje mellom kvar plate. Før i tida hendte det at eg steikte vanlege vaflar innimellom for at det som sit att skulle forsvinne inn i dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar