fredag 9. desember 2011

Kor stor er krisa?

Om sommaren kallar ein det agurknytt når ein har lite å skrive om.  No har smørnytt teke over.  TV2 hadde skaffa smør frå Danmark som dei delte ut til trengande på Karl Johan.  Rasjoneringa vart på to pakkar på kvar.  Dei som vart intervjua, hadde stått i kø i tre kvarter.  Til slutt såg det ut som køen var vekk, og dei stod att med eit smørlager.  Det skulle delast ut i Kristiansand klokka 15.  Det vart vel på heimvegen for danskane.

Er dette god underhaldning?  For det er vel meint som humor?  På facebook har folk begynt å stille spørsmål ved krisemaksimeringa.  Ein kan lure på om det hadde vore nok smør i landet om media hadde halde tett?

I dag hadde dei Bremykt i butikken.  Eg kjøpte to pakkar.  Så har vi til smør i grauten. I verste fall måtte vi vel ha ete rømmegraut. Det vert som ei kjent dame visstnok ikkje skal ha sagt:  Har dei ikkje brød, så kan dei vel ete kake!

4 kommentarer:

  1. Kjøpte ein pakke Bremykt i dag, sidan eg brukar å ha det på lur. Den dagen det var meierismør på butikken kjøpte eg 2 X 1/2 kg+ eit lite beger Setertype. Har ikkje brukt mykje av det. Margrete fekk eine pakken i dag.Det rare er at min generasjon har laga mesteparten av julekakene i alle år med margarin-no kan ingen bake utan meierismør!Det finst dei som manglar meir enn smør, for å seie det slik.

    SvarSlett
  2. Hehe, eg som laga smør i dag... Du har jo heilt rett i at det er eit bagatellmessig "problem", og vi hadde nok klart oss ganske fint med alternative løysingar også.

    SvarSlett
  3. Eg er sikker på det var artig å lage smør! Mi venninne K har vakse opp med smørlaging. Kyr på ei øy ...

    SvarSlett
  4. Eg er freista å starte ein anti-aksjon, det er rett og slett skammeleg kva vi klagar på, folk har det altfor godt! Einig med Besta, eg laga alltid kaker på margarin før, men siste åra har eg gått over til godt smør...
    Då er det verre at vi ikkje får lyd på tv'en....
    Etter at komfyr og salongbord blei øydelagde, står visst fjernsynet for tur. Materialtrøttleik for både levande og materielle ting...Men det gjeld å ikkje gje opp!
    Elin.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...