tirsdag 26. juli 2016

Rydding pågår

I dag har eg vore heime åleine.  Kombinert med at mellomstemann reiste i går, gav det meg ein energi til å starte å rydde.  Vi skal køyre frøkna sine ting til Bergen i helga, og yngstemann skal snart flytte i leilegheit.  Så om nokon skal overta nokre av tinga våre, må det vere no. Her er rikeleg med panner, koppar ogkar, handdukar og sengetøy for å seie det slik.

Nokre ting vil ein aldri kvitte seg med.  Desse tre koppane drakk eg av i min barndom.  Bror min hadde ein kopp med politimann og ein "flink gutt".  Eg visste godt at heime så gjaldt det å vere "flink pike" og "snill gutt" også.

2 kommentarer:

  1. Slike koppar har me her i huset også, faktisk heilt frå min barndom.
    Fint å få sende med ting til borna som flytta ut, eg gjorde det same. Forhåpentlegvis
    var det kjekt for dei også.

    SvarSlett
  2. Om du har for lite å gi frå deg-så berre henvis dei hit, her er overflod av det meste.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...