søndag 7. april 2013

Sol og snø

 I dag har vi hatt nydeleg ver her.  Det har vorte tid til både kaffi på altanen og ein gåtur.  I dag tenkte eg at eg måtte vise blogglesarane fjell og fjord.
 I sentrum er det ferje- og snøggbåtkai.  Ein må ta sjøvegen for å kome til Ålesund.  Øykjensla er litt vekk ettar at vi fekk tunnel til Ørsta/Volda.
 For to år sidan hadde vi vår i hagen. Det er ikkje så mange vårteikn, men ein får håpe våren kjem raskt når han kjem.
Også i dag var vi fem til middag.  Aafk-kampen gjekk ikkje før seks.

2 kommentarer:

  1. Fine glimt frå din dag på øya ;-)

    Ser du har vitja Nille du også.


    Fin veke til deg!!

    SvarSlett
  2. Takk det same!

    Sikra meg ein bunke serviettar, ja.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...