mandag 15. april 2013

Vis meg kupongane dine, og eg skal seie deg kven du er?

Denne gongen seier Coop det rett ut: Det er personlege kupongar - specially for you!

Så her kjem sanninga fram.  Heilt sidan Innherredsosten kom på marknaden, har han vore på skulematen min.  Eg har ikkje funne noko betre å ha på grovbrødskivene som eg et til lunsj.  Medan andre kosar seg med salatar og anna moderne mat, held eg meg til det nokre kallar karamell.

Pizzadeig får eg no gratis, sjølvsagt fordi eg har liggande ein haug som eg har fått attpå kjøtdeig.

Elles må eg skryte litt av brøda eg bakte fredag.  Eg har verkeleg fått dreisen på surdeigsbrød. Deigen hevar til dobbel storleik på 1 1/2 time, og brøda smakar ikkje surt i det heile.  Løyndomen er at eg har mata deigen både morgon og kveld.  Det vert noko travelt i lengda.  No har eg sett litt surdeig i kjøleskåpet, så får vi sjå om det vert like vellykka når eg skal prøve igjen.  Dette er verkeleg "learning by doing".

5 kommentarer:

  1. Hei!
    Takk for fin blogg!Gikk opp eit lys for meg idag då eg såg at du hadde fått andre Coopkupongar enn meg.Syns ikkje noke om å bli overvåka på denne måten!Kva syns andre?

    SvarSlett
  2. Eg har hatt temaet oppe før. Det er tydeleg at det vert registrert kva vi kjøper, ikkje berre sluttsummen som dei sa då eg melde meg inn.

    SvarSlett
  3. Jeg fikk også slike kuponger i posten fra Coop... Jeg så ikke på dem, de havnet i søpla....hmmm...kanskje jeg burde lese det jeg får tilsendt før det havner i papirdunken.

    SvarSlett
  4. Begynner nesten å tro på deg. Jeg fikk også kuponger på varer jeg ofte kjøper. Men et av produktene tror jeg ikke jeg har kjøpt der noen gang.
    Må prøve meg på surdeigsbrød tror jeg, lenge siden sist.
    Da fikk jeg en surdeigs kultur, har ikke laget det fra bunn av selv. Får se om jeg kan få det til. Må nok vite at jeg skal være hjemme en del fremover før jeg setter igang.
    Ha en god dag :)

    SvarSlett
  5. Eg trur dei fleste produkta er slikt ein bruker mykje, men eg kjøper mest ekstra lettmjølk til dømes.
    Denne gongen laga eg surdeigskultur frå enklare brød. Den var litt grei, for den start med berre litt mjøl oh vatn. Ein slepp å "kaste" deig som det står i enkelte oppskrifter - då vert det så mykje å bake av "kastedeigen". Elles har eg kome til at det er ikkje noko poeng å ha gammal surdeig. Det er viktigast at han er frisk og faktisk ikkje luktar surt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...