torsdag 1. november 2012

Pære- og plommedessert

I sommar laga eg mange gode dessertar av frukt og bær. For eit par veker sidan kokte eg frosne plommer i sukkerlake, men enda opp med altfor mykje væske.  
 Søndag starte eg med 2 dl vatn og 2 dl sukker.  Eg putta opp i eit par stjerneanis, ei vaniljestang og nokre nellikspikrar og kardemommefrø.  Eg gløymde visst kanelstang.  Men her kan ein gjere som ein vil!

Eg kokte først eit lag med plommer.  Dei skal koke i seks minutt i følgje ei venninne av meg.  Deretter hadde eg i 1 dl sukker til og kokte eg eit par rundar til med plommer, ca 1 1/2 kg til saman.  Då stod eg att med 1 l lake.  Eg fann nokre pærer i ein pose og kokte dei møyre.

Pærene åt vi til dessert søndag.  Dei var søte og gode med ein gong.  Plommene var sure då, men i går, etter tre dagar i kjøleskåp, var dei perfekte!

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...