mandag 12. november 2012

Forbruksvare

Ærendet i byen i dag var eit sett "øyrepropper".  Dei førre har eigentleg vart lenge.  Kunsten er å ikkje putte I-poden i bukselomma.  Det gjorde eg då eg vaska laurdag. Etter det var den daud på eine øyret.

På biblioteket fekk eg låne om att boka som eg har tenkt å spele i klasse 8B.

Krimboka eg fann, er nummer to i ein serie, så eg får satse på å få tak i Udyr først.  Eg ser det er eit søskenpar som har skrive dei saman.

Opplesaren som eg lyttar til for tida, irriterer meg litt. Han les sjirlander og hospiss.  Det er for dårleg av ein profesjonell skodespelar.  Som de ser, sjekka eg ordlista.  Der står ikkje korleis ein uttalar hospits, berre at det er tysk, og då veit vi regelen!

2 kommentarer:

  1. Hei,
    Kom tilfeldigvis over bloggen din via ein anna.
    Har kosa meg ei stund no.....mykje kjekt og variert. Flotte strikka plagg du lagar :)
    Takk for titten, kjem nok igjen.
    Ha det fint.

    SvarSlett
  2. Eg har lese ei bok som var skrive av eit søskenpar-----var det Anne Holt og broren ,tru? eller har eg lese den du er på jakt etter?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...