torsdag 10. mai 2012

Eit lite livsteikn

Nei, eg har ikkje dekka på alle borda to dagar før festen!  Etter å ha vaska og rydda, tok eg fram nokre koppar og fat for å sjå korleis dukar og serviettar tek seg ut.  Dukane er såkalla nervøs fløyel - rimelege og strykefrie. Konfirmanten vil ha rosa remser på midten.

Vi vert 25 personar med stort og smått.  Så mange små er det ikkje i familien lenger.  Eg har telt kaffikoppane mine.  No kan ein ikkje vente at ein har 25 av alt.  Eg har til dømes eitt servise til 18 og eitt til 12.  Det siste har eg arva. Nok grøne glas til alle hadde eg bestilt i god tid, trudde eg.  Siste frist er i morgon.  Men når ein dekker fire bord, gjer det ikkje noko om borddekkinga ikkje er heilt lik på kvart bord, synest eg.

Elles ser vi at det kan bli fint ver laurdag.

8 kommentarer:

  1. lles ser eg at du brettar serviettane slik vi gjer i pensjonistlaget. Vi starta med 4-vifter, men gikk over til to for å spare tid. Alt ser fint ut, og alt kjem til å gå like fint som alltid. Lykke til.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg testa ut dobbel vifte, men det vart ikkje fint med så stor serviett.

    SvarSlett
  3. Blir et flott bor. Nydelige farger på remsa og servietter.
    Lykke til :)

    SvarSlett
  4. Ser flott ut! Lykke til på laurdag!

    SvarSlett
  5. Det blir så fint at :)

    Lukke til !

    SvarSlett
  6. Takk for det, alle saman! Ho har fått vore med og bestemt. Gutane la seg aldri bort i noko.

    SvarSlett
  7. Du har vissr god oversikt, det går nok på skinner dette! Gratulerer, og lukke til!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...