lørdag 19. september 2015

Vinnarlykke - og noko å gle seg til

I dag har eg hjelpt til på basar. Det var stor rift om årane, så eg kjøpte heller fleire lodd på bøkene.  Gevinstane vart derfor verken mange eller store.  Tidlegare på dag var eg på ein handlerunde der eg mellom anna sikra meg billettar til neste veke sitt kjendisbesøk.

I går var eg fryktelig stiv i skuldrane, kanskje etter å ha undervist i gærbakst og forming av glatte rundstykke ei veke? Eit lyspunkt i dag var at oppvask av omlag 100 kuvertar berre gjorde godt! Men strikketøyet skal få kvile nokre dagar...

2 kommentarer:

  1. Godt til kaffien og noko å glede seg til..
    Ikkje verst det.

    God søndag :-)

    SvarSlett
  2. Pass deg for å overbelaste skuldrane-trur ikkje du skal strikke så VELDIG mykje.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...