lørdag 5. september 2015

Montering må til!

Eg liker å halde meg til eitt strikketøy om gongen.  No hadde eg plutseleg tre.  Då eg fekk tak i det gule garnet til kufta mi, hadde eg kome så langt på den andre at eg like godt strikka ho og ferdig til montering.

Det er ikkje det at det tek så lang tid å sy og klippe ei jakke framme.  Men eg liker å ha godt lys.  Då eg såg vermeldinga i går, tekte eg at eg kunne sy på maskin føremiddag og gå ut i tretida.  Men det regna og bles, så arbeidet eg hadde tenkt å gjere ute, vart utsett til det endeleg såg fint ut i sjutida. Noko fekk eg gjort, men ikkje så mykje som eg hadde tenkt.

No satsar eg på å gjere kufta ferdig til bruk på strikkekafé onsdag.  Om ikkje lenge kjem Arne og Carlos til Brandal.  Det satsar eg på å få med meg!

Den litt gøymde jakka er eit halvhemmeleg prosjekt som skal bli ferdig til jul.  Mottakaren fekk ta ut mønster og garn sjølv til ei kombinert jul- og gebursdagsgåve.

Om nokon lurer på kva anna eg har begynt på, så er det ein einsfarga genser med raglanmønster.  Prosjektet er mønster- og monteringsfritt!

1 kommentar:

  1. Ahhh, blir den en vakker jakken. Deilige farger. Gleder meg å se.
    Jeg har ferdig min første klipp til min jakken - alt i orden :-))) Min drøm å strikke Vossakofte med klassisk farger en gang. Når jeg har i gang enda en fargerik kofte...
    pulsvarmere... og så videre... strikketid er her. Regn, våt og kalter vinden blåser.
    Hilsen til deg. Ha fortsatt god søndag. Klem fra Viola

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...