fredag 25. september 2015

Arne og Carlos

Så kom dagen eg har gledd meg til! Arne og Carlos innfridde! Dei heldt eit interessant og artig foredrag. Ein fekk innsikt i mange av tankane og ideane bak bøkene. Sjølv har eg omtrent alle. Eg kan ikkje skryte på meg å ha strikka så mykje frå dei, men som eg sa til dei, bilda er så flotte at det er reine kunstbøkene.  

Vi fekk tatt bilde av kollegaer og kjendisar, men dei må vere private sidan eg ikkje har innhenta løyve om publisering.

Noko som gjorde spesielt inntrykk, var det Arne fortalde om bestemora. Når ho hadde slite koftene på ermane, tok ho av banda og brukte dei på neste.  Gamlekofta strikka ho nye brot på, slik at ermane vart 3/4 lange. Då kunne ho slitast ut som fjøsjakke.

Min påstand er at det er ikkje skulen som drep kreativiteten, som det vert hevda innimellom, men rikdomen.

4 kommentarer:

  1. Så kjekt at du fekk innfridd forventningane dine! God helg :-)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du fekk innfridd forventningane dine! God helg :-)

    SvarSlett
  3. Takk for det!
    God helg til deg og!

    SvarSlett
  4. Sikkert artig å treffe dei to karane. Eg likar at folk er kreative-på den eine måten eller den andre. Elles saknar eg tekst på det førre innlegget ditt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...